{"id":2948,"date":"2022-07-14T12:00:00","date_gmt":"2022-07-14T12:00:00","guid":{"rendered":"https:\/\/visitsirdal365.no\/opplevingar-fra-bilen\/"},"modified":"2022-07-14T12:00:00","modified_gmt":"2022-07-14T12:00:00","slug":"opplevingar-fra-bilen","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/opplevingar-fra-bilen\/","title":{"rendered":"Opplevingar fr\u00e5 bilen"},"content":{"rendered":"<p><strong>Opplevingar fr\u00e5 bilen\u00a0<\/strong><br \/>\n<em>Utdraget er henta fr\u00e5 Sirdal kommune, og skrive av Gudrun Kristine Ovedal<br \/>\nDei fyrste turistane som kom til Sirdal skapte furore p\u00e5 Lunde i 1832 d\u00e5 dei forklarte at m\u00e5let for reisa var berre \u00e5 sj\u00e5 seg om. Det var heilt framande p\u00e5 den tida \u00e5 reise rundt utan m\u00e5l og meining. I dag er det annleis, og sird\u00f8lar har blitt godt kjend med turisme.\u00a0<\/em><\/p>\n<p>Av: Sirdal kommune\/Gudrun Kristine Ovedal<\/p>\n<p>Skal du reise gjennom Sirdal i dag for \u00e5 \u00absj\u00e5 deg om\u00bb, s\u00e5 veit me at opplevinga vert st\u00f8rre dersom ein kan l\u00e6ra noko\/f\u00e5 litt ekstra informasjon undervegs.\u00a0<\/p>\n<p><em>Kjekt \u00e5 vite \u2013 om kontakten til Setesdal og skinnvegar<\/em><br \/>\nDet har vore tett kontakt mellom Sirdal og Setesdal i uminnelige tider, b\u00e5de handel og giftem\u00e5l knytta dei to dalf\u00f8ra saman. Det var s\u00e6rleg setesd\u00f8lane som var flittige med handelsturar over fjellet, noko som m.a. var fordi dei m\u00e5tte til Stavanger n\u00e5r dei skulle betala skatt. Sidan skatten vart betalt med skinn og pelsvarer, blei ferdselsvegane over fjellet ofte kalla for \u00abskinnvegar\u00bb. Midt i den gamle \u00abskinnvegen\u00bb mellom Suleskard i Sirdal og Hylestad i Setesdal, om lag 880 meter over havet, ligg H\u00e5helleren (h\u00f8yrer til i Valle kommune). Namnet kjem fr\u00e5 det gammalnorske ordet \u00abH\u00e5\u00bb, som betyr h\u00f8g, og henspeilar til st\u00f8rrelsen p\u00e5 hedlaren. \u00abDenne Vei befares meget af S\u00e6tersd\u00f8ler og Sird\u00f8ler. At Trafiken er betydelig kan skj\u00f8nnes deraf, at der fra offentlig Side i lang Tid har v\u00e6ret talt og skrevet om et st\u00f8rre Veianl\u00e6g over denne Fjeldstrekning\u00bb, skrev Valle formannskap i 1866. For \u00e5 trygge ferdselen, ble det bevilget penger til veivisere over heia samt til bygging av en fjellstue ved H\u00e5helleren. \u00abP\u00e5 Grund af Taage, Uveir og Snefog, saa mangt et Menneske tils\u00e6tter Livet ved at styrte ned i Afgrunde, nedsnees og fryse i hjel\u00bb. Den fyrste H\u00e5hellerstova vart bygd i 1867, p\u00e5 tuftene av ein buplass som var ved H\u00e5helleren i byrjinga av 1800-talet. Fjellstova som er her i dag vart bygd i 1950. Denne tilh\u00f8yrar Turistforeninga, og har 9 sengeplassar.\u00a0<\/p>\n<p><em>Kv\u00e6ven Bygdetun \/ Sirdal fjellmuseum\u00a0<\/em><br \/>\nTa gjerne ein stopp ved Kv\u00e6ven Bygdetun. Her er det Turistinformasjon, og du kan ta ein vandringstur p\u00e5 tunet. Noko av det viktigaste med formidlinga ved museet er heieomr\u00e5da som omsluttar oss, og kva stor betyding heia har hatt gjennom alle tider. Ferdsels- og handelsvegane er allereie nemnd, men det har \u00f2g vore viktige omr\u00e5de for drift av sau og for jakt.\u00a0<\/p>\n<p>Om sau (driftehei): I byrjinga av 1800-talet starta nokre b\u00f8nder p\u00e5 J\u00e6ren \u00e5 senda sau til fjells med omreisande fehandlarar, fordi beitemarka heime var for liten eller d\u00e5rleg. Ein oppdagar snart at sauer som hadde vore p\u00e5 beite i fjellet, var i betre form enn sauer som hadde g\u00e5tt heime i bumarka. Driftetrafikk med sau til h\u00f8gheiene nord i Sirdal starta for alvor kring 1820. Driftene drog fr\u00e5 J\u00e6ren i juni, og kom tilbake ei gong i september. (Det er denne tradisjonen som er grunnlaget for det \u00e5rlege arrangementet her p\u00e5 Kv\u00e6ven \u00abSirdalsdagane\u00bb). Det stadig aukande antal med sau som vart f\u00f8rd til fjells, fekk etter kvart f\u00f8lgjer for det tradisjonelle st\u00f8lsbruket som hadde vore i heiene her. Fleire b\u00f8nder fann ut at det var meir l\u00f8nsamt \u00e5 ta imot driftesau enn \u00e5 driva med st\u00f8lsbruk. Mange av st\u00f8ls- og utesl\u00e5ttene vart difor lagd ut som driftebeiter, og st\u00f8lshytter kunne bli gjetarhytter.\u00a0<\/p>\n<p>Heiberg (jaktterreng): I 1904 begynte Thorvald Meyer Heiberg \u00e5 kj\u00f8pe opp store heieomr\u00e5de i Sirdal\u2013 og Setesdalheiene, til slutt var han det st\u00f8rste landeigaren i Noreg med over 1 million m\u00e5l. Han hadde ein forretningsid\u00e9 om \u00e5 leggja til rette for rikfolk, s\u00e6rleg utlendingar som kunne, og ville betala for jakt og fiske i norske h\u00f8gfjell. Heiberg sette opp om lag 30 jakthytter inne i heia, fr\u00e5 1 til 5 hytter p\u00e5 kvart felt. Den eine av desse vart i 2001 flytta fr\u00e5 Trongen og remontert p\u00e5 Kv\u00e6ven bygdetun. I tillegg vart det bygd ei \u201df\u00f8ringshytte\u201d knytt til denne.\u00a0<\/p>\n<p><em>\u00d8ysteinshedlaren\u00a0<\/em><br \/>\nMellom Tj\u00f8rhom og Omlid, kan du ta av vegen mot Tj\u00f8rhom kraftverk. Fr\u00e5 parkeringa kan du sj\u00e5 opp til \u00d8ysteinshedlaren. Her er \u00f2g tursti opp til hedlaren om du vil studera den n\u00e6rare. som ligg vest for Tj\u00f8rhom kraftverk. Hedlaren er 22 meter djup, og her har ein funne spor som syner at det har vore stor aktivitet her gjennom mange \u00e5r. Her er det funne eldflint, trekol, beinsamlingar og fugleknoklar. Eit gamalt sagn fr\u00e5 Sirdal, fortel at kong \u00d8ystein kom ridande fr\u00e5 vest, i lag med hirden sin. Det var seint om kvelden d\u00e5 dei kom til Tj\u00f8rhom, og han valde difor \u00e5 overnatte i den store hedlaren. Hendinga gjorde nok stort inntrykk p\u00e5 den tida, for sagnet er seinare blitt fortald gjennom generasjonar fram til v\u00e5r tid. Framleis har b\u00e5de hedlaren og bukta, \u00d8ysteinsevja, namn etter den gamle kongen.\u00a0<\/p>\n<p><em>Dorgefoss\u00a0<\/em><br \/>\nF\u00f8r Sira vart regulert (Sira-Kvina kraftselskap), var det eit stort og imponerande fossefall ved Dorga. Fr\u00e5 \u00e5r 1900 finn ein f\u00f8lgjande fr\u00e5 historikaren Yngvar Nielsen som skriv dette om fossen: \u00abFremfor alle andre m\u00e5 D\u00f8jefossen n\u00e6vnes,- et fald, som ikkje paa mange steder har sin ligem\u00e6nd. Her har vandet arbeidet og gravet sig en dyb rende, hvori Sireaaens samlede vannmasse styrter ned. Alt, hvad nogen fantasi kan male om en foss, det er her,- det trange gjel, fosseduren og de hvirvlende st\u00f8vskyer. I dybet driver vandet sin viltreste leg,- det farer frem i en kl\u00f8ft, mot hviklen Ridderspranget kun er ringe, og naar det tilsidst har udt\u00f8mt sin kraft, kommer det frem af m\u00f8rket i dagen. D\u00f8rjefoss er ingen Rjukan. Men den er derfor ligefuldt en stor naturmerkv\u00e6rdighed\u00bb. Det er \u00f2g knyttet til mykje spenning og dramatikk til Dorgefoss. Eit gamalt sagn seier at d\u00f8dsd\u00f8mte personar fekk sjansen til \u00e5 redde livet ved Dorgefoss. Dersom ein d\u00f8dsd\u00f8mt greidde \u00e5 hoppa over fossen, fr\u00e5 vest til aust p\u00e5 ein bestemt stad, s\u00e5 skulle han f\u00e5 behalda livet. Ved rasteplassen ligg \u00f2g \u00abH\u00e5vardsteinen\u00bb, ein stein som vart l\u00f8fta med handemakt av H\u00e5vard Torjussen Valevatn (1822-1880). Dorgefossen er Sirdal sin 1000-\u00e5rs stad.\u00a0<\/p>\n<p><em>Gravminnefeltet p\u00e5 Skeie\u00a0<\/em><br \/>\nNedanfor grenda Skeie renn elva Sira stille og rolig mellom stupbratte fjell. Langs elva si vestside, inne i ein furuskog, ligg eit freda gravminnefelt fr\u00e5 folkevandringstida (400 \u2013 800 e.Kr). Det er registrert 23 gravhaugane her. Dei h\u00f8gaste er om lag 1,5 m h\u00f8ge, medan andre er s\u00e5 l\u00e5ge i terrenget at det er vanskeleg \u00e5 skilja dei ut fr\u00e5 den naturlege skogsvegetasjonen. Gravplassane vart ofte lagd langs ferdselsvegar p\u00e5 dominerande stadar i terrenget, slik at dei var godt synlege. Truleg var grunnen til dette at det var eit \u00f8nskje om n\u00e6rhet mellom de levande og dei d\u00f8de. I hedensk tid blei gravhaugar akta og frykta, og var sentrum for gudetru og forfedrekult. Forfedregravene var med p\u00e5 \u00e5 skapa r\u00f8tter og identitet, og knytta band tilbake til fortida. Dette er eit kjempeflott omr\u00e5de med rasteplass og skilt med meir informasjon og gravminnefeltet. Her kan du \u00f2g ta ein vandringstur mellom gravhaugane.\u00a0<\/p>\n<p><em>Sirdalsvatnet\u00a0<\/em><br \/>\nSirdalsvatnet strekkjer seg fr\u00e5 Tonstad til Osen i ei lengd av 27 km. Arealet er 19 km2. Det st\u00f8rste djupet, litt s\u00f8r for Haughom, er 185 m. Mellom Virak og Haughom er vatnet p\u00e5 sitt breiaste: 1.2 km. Det smalaste punktet finn ein ved Mj\u00e5sund, det er 300 m. Sirdalsvatnet har fr\u00e5 gamalt av vore den viktigaste ferdsels\u00e5ra for dei som budde langs vatnet. Skulle ein nokon stad var det som regel den enklaste l\u00f8ysninga \u00e5 ro. F\u00f8r dampb\u00e5ten kom til Sirdalsvatnet, var det vanleg at ein rodde til byen, Flekkefjord, for \u00e5 handle inn sommarmaten. Ein m\u00e5te \u00e5 gjere dette p\u00e5 var \u00e5 ta med seg hest og kjerre i b\u00e5ten. Desse blei brukt p\u00e5 land fr\u00e5 Osen. Ofte starta ein roturen om natta, handla i byen om dagen og f\u00f2r heim att same kveld. Nordavinden var ofte lei \u00e5 stri med p\u00e5 heimvegen, s\u00e6rleg n\u00e5r b\u00e5ten var fullasta med varer, folk og fe. P\u00e5 vinterstid blei varer og post frakta p\u00e5 isen. Om isen ikkje var trygg, hende det at ein drog ein liten b\u00e5t p\u00e5 kjelke der det var is, og tok i bruk b\u00e5ten der det var ope vatn. Dette kunne nok vera farleg, men posten skulle fram!\u00a0<\/p>\n<p>Holmen: Holmen i Sirdalsvatnet er om lag 170 meter lang, 6o meter brei og 10-12 meter h\u00f8g. I byrjinga av f\u00f8rre hundre\u00e5r h\u00f8yrde Holmen til grenda Virak som felleseige. Ein tradisjon seier at \u201cvirlendingene\u201d bytta bort Holmen til ein oppsittar i Haughom for eit ankar brennevin. Det mest spennande som er knytt til Holmen er soga om dronning Astrid sin flukt med sonen Olav Tryggvasson. Dette er eit sv\u00e6rt gamalt segn som har blitt fortald mange stadar kring Sirdalsvatnet opp gjennom fleire generasjonar.\u00a0<\/p>\n<p>Tyskerbunkeren: Vegstrekninga mellom Haughom og Tonstad vart ferdig i 1942, og var ein del av den \u201cindre milit\u00e6rveg\u201d mellom Stavanger og Kristiansand. Ein stad langs vegen var det sv\u00e6rt smalt, med bratt fjell p\u00e5 eine sida og Sirdalsvatnet p\u00e5 den andre sida. Tyskarane bygde ein bunker her i 1943. Hensikta med dette dekningsrommet var \u00e5 stansa dei allierte styrkene dersom dei skulle koma fr\u00e5 nordaust gjennom Sirdal. Bunkeren med Sirdalsvatnet er eit av dei f\u00e5 bevarte minnesmerke ein har i Sirdal fr\u00e5 krigen, og er sjeldan i landssamanheng d\u00e5 den ligg langs ein innsj\u00f8 i innlandet. Tyskerbunkeren er vanskeleg tilgjengeleg i dag, men ligg ned mot Sirdalsvatnet, nord for \u00abBerkjenesodden\u00bb, eller den nye tunnelen.\u00a0<\/p>\n<p>Nykkhedlar: Dette er ei grotte i berget, like over vassoverflata p\u00e5 vestsida av Sirdalsvatnet. Fjellet over er h\u00f8gt og bratt og held fram ned i det kalddjupe vatnet nedanfor. Fr\u00e5 gamalt av sa dei at N\u00f8kken heldt til her, det var mange som frykta den n\u00e5r dei rodde p\u00e5 Sirdalsvatnet. Det er meir informasjon om kulturminne kring Sirdalsvatnet p\u00e5 internettsida: www.naturtriangelet.no\u00a0<br \/>\n\u00a0<\/p>","protected":false},"excerpt":{"rendered":"<p>Opplevingar fr\u00e5 bilen\u00a0 Utdraget er henta fr\u00e5 Sirdal kommune, og skrive av Gudrun Kristine Ovedal Dei fyrste turistane som kom til Sirdal skapte furore p\u00e5 Lunde i 1832 d\u00e5 dei forklarte at m\u00e5let for reisa \u2026<\/p>","protected":false},"author":1,"featured_media":2949,"comment_status":"closed","ping_status":"closed","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[11],"tags":[],"class_list":["post-2948","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","hentry","category-aktuelt"],"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2948","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/users\/1"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=2948"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/2948\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/media\/2949"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=2948"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=2948"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/visitsirdal365.no\/en\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=2948"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}